|
– Har lesing i ung alder hatt nokon samanheng med at du no er forfattar?
– Det har det heilt klart. Eg las hyllemeter på biblioteket, slik eg sjølv-heroisk hugsar det, og brukte mykje av tida mi på å fantasere meg vekk og inn i bøkene. I tillegg fortalde foreldra mine mykje for oss, og eg byrja tidleg å skrive dikt og små forteljingar. Det fall seg på sett og vis naturleg.
– Var det bøker som gjorde særleg inntrykk på deg i ungdomstida? Og kvifor?
– I barndomen var det Maria Gripe, med si mystiske stemning og ofte særprega persongalleri som fascinerte. I ungdomstida var det særleg Jan Erik Vold med sine absurde dikt som greip meg, fordi eg syntest det var fantastisk at det gjekk an å skrive det eg den gongen meinte var meiningslause dikt. Dei var jo slett ikkje meiningslause, men han opna nok opp for at litteratur kunne vere noko anna enn det eg trudde. I sein ungdomstid var det særleg Olav Duuns Medmenneske som fengsla.
– Kva er din viktigaste motivasjon for å skrive?
– Det er ikkje så lett å sjå gjennom og bak sin eigen motivasjon for kvifor ein gjer det ein gjer, det er som problemet med å kunne sjå si eiga netthinne. Eg skriv vel fordi eg har noko eg gjerne vil seie, eller vise. Dessutan, for min eigen del, fordi det er noko av det mest morosame eg veit. Elles hadde eg neppe drive på med det.
– Du debuterte med diktsamlinga Slaven av blåbæret i 1998. Kan du huske kva som gjorde at du bestemte deg for lage og gje ut diktsamlinga?
– Eg sette meg ned etter grunnfagseksamen i litteraturvitskap i desember i 1996, og skreiv denne diktsamlinga på nokre månader. Å studere litteratur hadde vore ei til dels sjokkarta og til dels fantastisk oppleving, ettersom eg hadde meint sidan eg var 16 år at eg ikkje måtte lese noko litteratur, då det var eit mål for meg å bli ein original forfattar. Eg innbilte meg at det blei ein dersom ein kunne seie at ein ikkje var påverka av nokon. Å studere litteratur viste meg for det første at alt eg hadde tenkt var tenkt før, alt eg hadde tenkt å skrive var på ein eller annan måte skrive før, og at dette med originalitet var annleis fundert enn eg hadde tenkt meg. For det andre forstod eg at vegen til å skrive gjekk gjennom å lese. Og dette er det den boka i all hovudsak handlar om, for meg.
– Kva tenkte eller følte du då du hadde Slaven av blåbæret ferdigtrykt i hendene for første gong?
– Det var ei oppleving som vel aldri kjem til å kome att, når ein for første gong ser tekstane som ein berre har hatt på papir stå samla mellom to permar, og dei ser ut som heilt ekte tekstar. Eg tenkte at eg endeleg hadde nådd målet mitt, og det var ein stor augneblink, det var det.
– Du har nettopp kome ut med din første roman Vente, blinke. Tidlegare har du skrive dikt, noveller og essays. Korleis har det vore å jobbe med ein roman?
– Det har vore heilt annleis enn å skrive i dei andre sjangrane, fordi eg for det første har jobba mykje meir konsentrert og intensivt over lengre tid med den same teksten, men også fordi sjølve sjangeren "roman" har vist seg å romme moglegheiter som dei andre sjangrane ikkje har i like stor grad. Slike ting eg har arbeidd med tidlegare, som fletting av motiv, brot, variasjonar over eit tema, etc, fekk heilt andre opningar og konsekvensar i ein roman enn i ei samling tekstar. Det var utfordrande, svært utmattande, og svært givande.
– Du arbeider som skrivelærar ved Skrivekunstakademiet. Kva er din motivasjon for dette arbeidet?
– Det er først og fremst ei inspirerande utfordring, å lese studentane sine tekstar og vere konstruktiv i høve dei, og det å prøve å bevisstgjere både studentane og ein sjølv i høve tekstlege strukturar, om ulike måtar å skrive på, om kvifor noko fungerer bra, noko mindre bra, og ikkje minst, kvifor ein meiner det ein meiner. Å ha kontakt med både studentane og med kollegiet er dessutan ein stadig inspirasjon for mitt eige arbeid.
– Framtida formast av ungdommen, også i den litterære verda. Mange potensielle forfattarar tør ikkje sende inn sitt manus, dei er redde for å verte avviste av forlaga. Kva for råd vil du gje ungdom som sit rundt om i skapa og skriv?
– Dei må for det første lese mykje, og skrive mykje. Og så gjeld det å ikkje late seg knekke av den første motbøra, den første negative konsulentfråsegna frå eit forlag, osv, og vite at det kan ta tid, både å finne fram til ein eigen måte å skrive på, og å få gjennomslag for den hos eit forlag. Ein må rett og slett ikkje gi seg, men ein må også prøve å vere open for konstruktiv kritikk. Etter kvart lærer ein seg å sjå på kritikk på ein annan måte, omtrent som ein slags reiskap som ein kan velje å bruke eller ikkje bruke, alt ettersom ein føler den kan ha noko sant i seg eller ei.
– Kan du dele ei av dine største bokopplevingar med Bokdykk sine lesarar?
– Eg trur kanskje den største lesaropplevinga må vere To the Lighthouse av Virginia Woolf, som står som nettopp eit slags fyrtårn i all litteratur eg har lese. Den klarer å fange karakterane sine på ein heilt spesiell måte, den har eit gjennomborande blikk, somme tider med sarkasme, somme tider med ømheit, og heile tida med klokskap. Boka kan lesast om att og om att og vil ikkje slutte å fengsle.
– Kva for tre bøker vil du anbefale? Og som på skulen - grunngje svaret.
– Eg kan vel ikkje anbefale Woolf omatt, så då veljer eg Richard Brautigans kortprosasamling The Revenge of the Lawn, Coetzees Vanære og Ingeborg Arvolas Livet i et skilpaddeskall og andre historier. Brautigan fordi denne boka er ei av dei mest inspirerande kortprosasamlingar ein kan lese: humoristisk, sårt, absurdistisk. Coetzee fordi denne boka riv tak i ein og ikkje slepper taket, med eit blikk på både nokre karakterar, ein kultur og eit samfunn som både er rystande og fantastisk. Arvola fordi ho har skrive ein skatt av ei bok som eg trur ikkje er så kjend som den burde vere, med eit surrealistisk univers fullt av særs menneskelege eksistensar.
Intervju av Trond Strømgren Publisert 09.11.08
Bibliografi
|