Boktips
Bokdykk har som mål å vere flinke til å formidle gode lesaropplevingar og godt lesestoff. Vi veit at det kan vere utfordrande å velje ut bøker blant mylderet av boktitlar. Og difor vil vi her samle alle dei beste boktipsa som vi og fleire bokglade meiner er verd å lese. Kanskje finn du inspirasjon og ei bok du har lyst på? Tipsa finn du i menyane til venstre.
-
Boktips frå Hilde K. Kvalvaag
Hilde K. Kvalvaag har fått både Bragepris og Nynorskpris for den siste romanen sin Fengsla. Her deler ho nokre boktips med deg.(08.02.2011) -
Boktips frå Erna Osland
Erna Osland er aktuell med si nye ungdomsbok Den uendelege reisa, men ho går ikkje av vegen for å tipse om andre bøker som gir leselykke! Vi har fått forfattarens boktips for heile familien.(06.10.2009) -
3 anbefalte av Agnes Ravatn
– Kva for ei bok har betydd mest for deg? Bokdykk stiller spørsmålet til Agnes Ravatn. – Ops, dette var vanskeleg. Som barn er jo alle opplevingar større enn som vaksen, så eg trur eg vil svare: Dustene av Roald Dahl. Eit eintydig negativt portrett av to vaksne, stygge idiotar. Akkurat slik bør barnelitteratur vere.(10.09.2009) -
Lesetipsstafett: Førde bibliotek tipsar om barnebok
Denne gongen tipsar biblioteket om ei flott barnebok.(20.07.2009)


