Are Kalvø
Are Kalvø er fødd og oppvokse i Stranda på Sunnmøre. Fødeåret var 1969, same året som Neil Armstrong tok sine berømte steg på månen. Kalvø er utdanna cand.mag. med mellomfag i sosiologi og grunnfag i statsvitskap og kunsthistorie frå universitetet i Oslo.
Sia 1990 har Kalvø budd i Oslo, der han mellom anna har nytta mykje av tida til å utforske mange av storbyen sine lyse og mørke sider. I 1994 resulterte dette i debutboka Absolutt Oslo, ein humoristisk guide om Oslo, eller rettare sagt ein guide til storbyjungelen.
Humor og satire er Kalvø sitt arbeidsfelt, og han har arbeidd på heiltid med dette sia 1994. Han har seld mykje av tida si til NRK, som kan melde følgjande om Kalvø: "Han har arbeidd fulltid med humor og satire sidan 1994, hovudsakleg som kåsør, tekstforfattar og programleiar i NRK, men og som avisspaltist, stå-opp-komikar og forfattar av satiriske bøker. Har mellom anna vore programleiar for NRK P2s satiriske vekemagasin Hallo i uken sidan 1994, kåsør i Nitimen og Reiseradioen i den same perioden, tekstforfattar i NRK1s Egentlig sidan 1993 og fast spaltist i Arbeiderbladet/Dagsavisen sidan 1992."
Etter debuten i 1994 har Kalvø produsert ei ny bok om lag kvart år. Han har også levert bidrag til kring 15 andre bøker, skrive tekstar til ei rekke sceneoppsetningar, vore skodespelar i tre teaterstykke og har omsett fleire bøker, berre for å nemne noko.
Det du ikkje visste om Are Kalvø
Bokdykk sin biograf vart nyfiken på Kalvø og inviterte til kort intervju.
Kva var det som gjorde at du bestemte deg for å skrive og gje ut Absolutt Oslo, den første boka di?
Eg hadde skrive humoristisk om å vere Oslo-innflyttar både i ei spalte i Arbeiderbladet og i ein serie innslag i NRK-programmet RUSH, og syntest det var på sin plass med ei bok. Eg liker å skrive om større eller mindre kulturforskjellar. Det er mykje godt stoff i landets største by, som også er landets store innflyttarby.
Du har mange unge tilhøyrarar og lesarar. Med din uhøgtidelege stil syner du at ikkje all litteratur treng å vere alvorleg og tradisjonell. Kanskje er du ein døropnar for mange unge som vil skrive. Har du nokre gode råd til desse enno upubliserte med skrivekløe?
1. Skriv skriv skriv skriv.
2. Ikkje høyr for mykje på råd frå sånne som meg.
Korleis er det å vere nynorskbrukar på heiltid når du lever og andar i Oslo, fjernt frå djupe fjordar og høge fjell?
Det er ikkje noko eg går og tenker over til daglig. Det at eg skriv på nynorsk er ikkje ei spesielt stor sak for meg. Om noko, så har det vore ein fordel. Det er sjeldan ei ulempe å skilje seg ut når ein driv med humor. Nynorsken gjer at eg i alle fall skil meg ut på ein måte heilt utan å måtte anstrenge meg.
Kan du la Bokdykk sine lesarar ta del i di sterkaste lesaroppleving?
Tja. Mitt første møte med den store vestlandshumoristen Ragnar Hovland var stort. Ingvar Moes skikkelig tullete tekst "Jol i gamle dagar" som stod i norskboka vår også. Det var ei slags aha-oppleving å sjå at ein utgitt forfattar skreiv slikt tøys. Elles kan eg ikkje skryte på meg livsforandrande leseopplevingar som så mange andre. Musikk, folk og fotball var nok mykje sterkare. Og humor på tv og radio, om eg skal vere ærlig.
Til sist: Anbefal tre god bøker - og som på skulen, grunngje svaret ditt.
Dave Eggers: What is the what? Stort stort alvor.
Tore Renbergs bøker om Jarle Klepp. Folkelig i ordets beste forstand.
The Complete Monty Python's Flying Circus; All the words. Tull blir ikkje betre.
Og nett no som du trudde intervjuet var ferdig - kva for to bøker vil du aller helst sleppe å lese opp att?
Eg er for snill og hyggelig til å svare på det. Dårlige bøker er ikkje eit problem.
Tekst: Trond Strømgren, Publisert 12.11.2008 Foto: Herborg Pedersen
Bibliografi
| Utg. | Nyutg. | Tittel | I sal |
| 2009 | Greatest hits vol. 3 | hefta | |
| 2008 | Bunnen er nådd | cd | |
| 2007 | Våre venner kinesarane | hefta | cd | lydfil med spelar | lydfil | |
| 2007 | I den 2007ende himmel | cd | lydfil | |
| 2006 | Barn av den rødgrønne regnbuen | cd | lydfil | |
| 2005 | Norsk humor | innb. | |
| 2005 | Nasjonale prøvelser | cd | lydfil | |
| 2004 | 2010 | Nød | innb. | hefta | eb |
| 2004 | Nynorsk på 1-2-3 | hefta | |
| 2004 | 2008 | Krig! | cd | lydfil |
| 2004 | Kampen mot tilværelsen | cd | lydfil | |
| 2004 | Greatest hits vol 2 | hefta | |
| 2003 | Greatest hits vol 1 | hefta | |
| 2002 | 2003 | Syden | innb. | cd | lydfil | hefta |
| 2002 | Bibelen 2 | cd | hefta | lydfil | |
| 2001 | Synd.no | innb. | |
| 1999 | Harry | hefta | |
| 1997 | 2000 | Men fjernkontrollen min får du aldri | innb. | hefta |
| 1996 | 2000 | Kunsten å vere neger | innb. | hefta |
| 1995 | Store nordmenn | innb. | |
| 1994 | 1998 | Absolutt Oslo | innb. | hefta |


