Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad er fødd i 1944 i industristaden og kraftbygda Sauda i Ryfylke. Her låg eitt av dei største mangansmelteverka i verda, og hit kom lastebåtar frå mange land. Sjøfolk frå ulike nasjonalitetar var å treffe i gatene, og i heimbygda fekk Fløgstad sitt første møte med den store verda. Dette skulle komme til å prege forfattarskapen hans.

Etter examen artium arbeidde han ei tid som industriarbeidar i Sauda, og mønstra deretter på eit norsk lastefartøy i internasjonal fart. Som sjømann var han vide rundt i verda, og særleg mykje i Latin-Amerika. Vel heime igjen, og etter avbrote arkitekturstudium i Trondheim, studerte Fløgstad litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. 

Fløgstad debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Det store gjennombrotet fekk han likevel i 1977 med romanen Dalen Portland, ei bok han året etter fekk Nordisk Råds litteraturpris for. Forfattarskapen til Fløgstad er prega av innsikta han fekk som industriarbeidar og opplevingane som sjømann. Dei kulturelle møta, sosialrealisme og den magiske latinamerikanske realismen er tema ein finn att i bøkene hans. 

Fløgstad har ein omfattande litterær produksjon i form av romanar, sakprosa, noveller, essays og gjendiktingar av utanlandske forfattarar. Han har gjeve ut to kriminalromanar under pseudonyma K. Villum og K. Villun. Bøkene hans er omsette til mange språk.

Sidan 1971 har Fløgstad skrive på heiltid, for det meste med tilhald i Oslo, men også i Finnmark, Nord-Noreg og fleire søramerikanske storbyar. Kjartan Fløgstad var festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela i 1994.

Intervju – Forfattaren som reiste ut i verda

Kva var tilhøvet ditt til litteratur som barn? Var det noko i barndomen som la grunnlaget
for forfattarskapen din? 

Eg hadde lesande foreldre, bøker i heimen, og fekk ofte barnebøker i julegåve; sidan var eg storforbrukar av folkebiblioteket.

Kva var det som fekk deg til å gje ut den første diktsamlinga di? 
Hausten 1967 trykte tidsskriftet Vinduet nokre av dikta mine og eit poetisk manifest. Straks låg det brev i postkassa frå forlagssjef Johs. Aanderaa i Samlaget, som spurde om eg hadde fleire slike dikt. I så tilfelle ville han gjerne gi dei ut. Eg hadde ikkje fleire dikt då, men i løpet av vinteren skreiv eg samlinga Valfart, som kom ut på Samlaget året etter.

Mange av bøkene dine har klare politiske bodskap. Korleis har deltakinga i samfunnsdebatten variert i løpet av forfattarskapen din? 
I starten gjekk eg inn for ei rein lyrisk dikting, heva over politikken. Sidan har forfattarskapen dreia meir og meir i retning av prosadikting, samfunnsforhold, og dermed politikk og deltaking i samfunnsdebatten.

Du har reist mykje rundt om i verda, men størsteparten av livet har du levd i Noreg, eit av verdas rikaste land. Korleis har velstanden vår påverka deg som forfattarar og innhaldet i bøkene dine? 
Gjennom lange utanlandsopphald, særleg i Sør-Amerika, har eg sett den norske velstanden i perspektiv. Dei sosiale og økonomiske forskjellane i verda kjem tydeleg til syne. Denne kontrasten har nok vore med på å politisera diktinga mi.

Kva for viktig norsk bok har enno ikkje vorte skrive? 
Opplagt svar: den store innvandrarromanen.

Mange ungdomar er potensielle eller upubliserte forfattarar. Steget for å sende inn manus til eit forlag er stort. Kva råd vil du gje ungdom som ikkje kjem seg ut av startgropa? 
Les og lær, og ikkje gje seg. Viss givnaden er stor nok, vil den slå gjennom i det lange løp.

Kan du dele ei sterk litterær oppleving med Bokdykk sine lesarar? 
"Hundre års ensomhet" av Gabriel García Márquez frå Colombia. Eg las denne romanen på reise i Sør-Amerika, før eg var særleg stø i spansk. I det eksemplaret eg hadde med meg, har eg skrive omsettinga til norsk over omtrent annankvart ord. Det seier alt om kvaliteten, når eg likevel kom gjennom heile boka.

Med din varierte og omfattande litterære produksjon er du ein autoritet og førebilete for mange. Kan du anbefale tre bøker.
Lat meg ta tre norske klassikarar frå det førre hundreåret:
Olav H. Hauge: Dikt i samling
Georg Johannesen: Om den norske tenkemåten  
Øystein Lønn: Historie 

Intervju av Trond Strømgren Publisert 13.11.08    Foto Hans Jørgen Brun©

Bibliografi

Utg. Nyutg. Tittel I sal
2010   Tore Hansen innb.
2010   Skriftfest innb.
2010   Essays 2010 innb.
2009 2010 Grense Jakobselv innb. | cd | lydfil | hefta
2008   Gi lyd innb.
2007 2010 Pyramiden innb. | cd | lydfil
2006 2007 Grand Manila innb. | hefta
2005   Folkets stadion. Bislett innb.
2004   Hus som vil meg hysa innb.
2004   Den store sangen innb.
2004   Brennbart hefta
2003 2004 Kapteinens vers innb.
2003   Hotel Tropical innb.
2002 2004 Paradis på jord innb. | hefta
2002   All denne hvithet innb.
2001 2003 Shanghai ekspress innb. | hefta
2000 2001 Sudamericana innb. | hefta
2000   Osloprosessen hefta
2000   Loven vest for Pecos hefta
2000   Evig varer lengst, eller Where have all the lovers gone? hefta
1999   Kjartan Fløgstads forfattarskap cd-rom
1999   Eld og vatn innb.
1998 2002 Kron og mynt innb. | heilbind | hefta
1998   Gunnar Torvund innb.
1998   Dei ytterste ting hefta
1997   Den endelege løysinga på skulpturproblemet innb.
1996 2002 Antipoder innb. | hefta
1994   Ved Roma port hefta
1994   Pampa unión innb.
1994 2001 Fimbul innb. | heilbind | hefta
1994 2002 Ein for alle hefta
1994   Døden ikke heller hefta
1993 1997 Dikt og spelmannsmusikk innb. | hefta
1992   Vesle Lasarus fra Tormes hefta
1991   Reisen innb.
1991 2000 Kniven på strupen innb. | hefta
1990   Nordisk fantasi hefta
1990   Arbeidets lys innb.
1988 2003 Tyrannosaurus text hefta
1988 2003 Portrett av eit magisk liv innb. | hefta
1986 2003 Det 7. klima innb. | hefta
1984   U 3 innb.
1983 2000 U3 innb. | hefta
1983   Ordlyden hefta
1983   Cogans bransje innb.
1981   Loven vest for Pecos og andre essays om populær kunst og kulturindustri hefta
1980   Surrealisme hefta
1980 2002 Fyr og flamme innb. | hefta
1980 2000 Dalen Portland hefta | innb.
1974 2001 Rasmus hefta | innb.
1972 2001 Fangliner hefta | innb.

Prisar og utmerkingar

 
 
Skriv ut

Kontakt oss                    Om Bokdykk                    Lenkjer                    Personvern