Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva fødd 1951 i Vartdal på Sunnmøre, debuterte som 34-åring med diktsamlinga ”Animasjon”. Sidan har ho skrive bøker både for born, ungdom og vaksne i form av dikt, korttekstar, romanar, noveller og drama. Kleiva har også skrive høyrespel for NRK Radioteateret samt manus til skodespelet ”Ein ettermiddag”, begge er drama med utgangspunkt i korttekstar frå boka ”Fangeteneste” (2001). 

Kleiva jobba 15 år i borneskule før ho tok til med forfattarstudiet i Bø. I dag er Kleiva forfattar på heiltid og busett i Oslo. 

 

Kva om ingen i det heile oppdagar boka? 

Sjølv om Rønnaug Kleiva innrømer at ho er litt sky på slikt, tek ho seg likevel tid til å svare bokdykk på nokre spørsmål om sin forfattarskap. I oktobermørket vert ein e-post sendt av gårde og Rønnaug Kleiva melder tilbake om korleis ho jobbar med ulike sjangrar, kor skummelt det er å gi ut bøker og fordommar mot nynorsk.


– Eg skriv korte og skrapa tekstar med lite fyllstoff, også om det er ein roman. Hovudpersonane er ofte sterke og sårbare, i vaksenbøkenen har folk ein tendens til å lure seg sjølv og andre. Eg skriv med andre ord om heilt vanlege folk.

Sidan debuten i 1985 har Kleiva skrive bøker i eit vidt spekter av sjangrar, dikt, romanar, bornelitteratur og meir. Kleiva fortel at ho truleg ville ha kjeda seg om ho berre skulle halde seg til ein sjanger når ho skriv. Ho meiner det kan vere nyttig å skrive ut eit stoff på ulike måtar og sjå kva som fungerar best. Eit dikt kan bli til ei forteljing, ein korttekst til eit drama, kanskje ein roman eigentleg burde ha vore ei biletbok?
Eit år skriv eg ei sart bok, eit anna år ei rå bok, til dømes, og eg vekslar heile tida mellom sjangrar og kva aldersgruppe eg skriv for. Det er kanskje krevjande å spreie seg slik, men det gir ein også fleire mulegheiter.

På spørsmål om nokon forfattar eller bøker har påverka skrivinga hennar seier Kleiva at mange forfattarar skriv bra og har gitt ho mykje, men at dei ikkje treng vere viktig for eiga skriving. Ho dreg likevel fram franske Marguerite Duras og ungarske Agota Kristof som utan tvil har påverka ho. Begge tar vekk det unødvendige i teksten og forenklar, utan at det dermed vert enkelt.
Når det gjeld barnelitteratur, fekk Lygia Bojunga Nunes frå Brasil meg til å skjøne at også for barn kan ein skrive om det meste.

I det eg berømmer Kleiva for alle prisar og utmerkingane ho har motteke for sine bokutgjevingar og spør kva det gjer med ho som forfattar, påpeikar ho at det å skrive er ein einsam aktivitet og at ho difor treng tilbakemeldingar. Men sjølv om prisar og gode kritikkar gjer godt, så er det like skummelt å gi ut ei bok no som tidlegare.
Jamvel om ein er sikker på at ein har skrive ei god bok, så kan ein ikkje vere trygg på at andre meiner det same. Og kva om ingen i det heile oppdagar boka!?  

Som kjent skriv Rønnaug Kleiva på nynorsk. Ho er oppvaksen med nynorsk i skulen, og har ein dialekt som ligg nær nynorsk. Såleis er det naturleg for Kleiva å gje ut bøker på nynorsk.
Likevel, seier ho, så er det også eit val, her eg lever i Bokmåls-Norge. Men det er heilt uaktuelt å ikkje vere nynorsk-brukar så er det eit val eller er det ikkje?

         
             
Eg trur Noreg må vere
              einaste landet i verda der
              relativt oppegåande folk
              synest det er stas og nærast
              skryter av at dei manglar
              elementær innsikt! 

Rønnaug Kleiva understrekar kor viktig det er at bøker også vert utgjeve på nynorsk, om vi ikkje har nynorsken rundt oss dagleg og på alle felt, vil han bli borte.  
Alle fordommar mot nynorskbrukarar møter sjølvsagt meg også. Folk kan til dømes seie: "Skriv du på nynorsk? Det les eg ikkje! Eg forstår det ikkje!" Og dei synest ikkje det er pinleg å avsløre manglande kunnskap. Eg trur Noreg må vere einaste landet i verda der relativt oppegåande folk synest det er stas og nærast skryter av at dei manglar elementær innsikt! 

Si siste bok "Ikkje for varmt, ikkje for kaldt" vil Kleiva helst ikkje kommentere sjølv. Tekstane får stå for seg sjølv, ho vil ikkje leggje føringar på korleis det skal lesast.
Men det er noveller, og på baksida står det at det er om kjærleikens ulike temperaturar, og at det er ein viss humor i det.

Kva kan vi vente oss framover? spør eg.
Eg har fleire prosjekt på gang, både for barn og vaksne. Det er ofte vanskeleg å vite kva som blir først ferdig - vi får sjå.  

Vi ventar spent. I mellomtida har i alle fall eg med fleire, oppdaga nyaste novellesamling.

Tekst: Siv-Merethe Hatlem Publisert 21.10.08

 

Bibliografi

Utg. Nyutg. Tittel I sal
2011   Samtidsdramatikk 2011 innb.
2010   Notat vedrørande kjærleik hefta
2009   Vegen heim frå Sarajevo innb.
2008   Ikkje for varmt, ikkje for kaldt innb.
2007   Andre sida av Paris innb.
2005   La oss krysse Nilen innb.
2005   Eg rømmer innb.
2004   Ein ettermiddag innb.
2003 2010 Ingen reell fare innb. | hefta | eb
2001   Om dagen kan ein flyge innb.
2001   Kvinner med fingermanualar innb.
2001 2008 Fangeteneste innb. | hefta
1999   Kjærleik på pinne frå Ouagadougou innb.
1997   Ikkje gløym å klappe katten innb.
1996   Greske gudar og gudinner innb.
1995   I ovnen er lammet innb.
1994   Eg greier meg innb.
1993   Einmannsbåten innb.
1991   Ein underleg vinter innb.
1990   Plutseleg no innb.
1990   Balansepunkt hefta
1989   Kven sin dag er dette? innb.
1988   Fuglane kor dei flyg innb.
1986   Å fø fram ein kalv over vinteren innb.
1985   Animasjon hefta
 

Sjå kva kritikarane seier

 
 
Skriv ut

Kontakt oss                    Om Bokdykk                    Lenkjer                    Personvern