Einar Økland
Einar Andreas Økland er fødd i 1940 i Sunnhordland, nærare bestemt i Valevåg, om lag fire mil nord for Haugesund. Han vaks opp i eit typisk vestnorsk lokalsamfunn, prega av etterkrigstida, skule og kyrkje, og lytting på utanlandske radiosendingar. 14 år gamal flytta han vekk frå bygda for å gå på handelsskule i Haugesund.
I tenåra oppdaga Økland lyrikken og kunstlitteraturen. I ei tid der andre ungdomar fokuserte på heilt andre tema, gav denne type litteratur han innpass i ei ny verd. Som Einar Økland sjølv seier det: ”Litteraturen var ein stad å vere. Det synte seg etter kvart at det var ingen annan stad eg passa inn.”
Økland er utdanna psykolog. I studietida debuterte han i 1963 med diktsamlinga Ein gul dag. Han fann fort ut at litterær produksjon gav livet meining, og sia 1966 har hovudvirket vore som forfattar. Einar Økland har også arbeidd mange år som forlagskonsulent. Han var sentral i kretsen rundt det litterære tidsskriftet Profil, og i 1992 var han festspeldiktar for Festspela i Bergen.
| Økland har leverte ein svært allsidig og omfattande produksjon av barne- og ungdomsbøker, dikt og drama, romanar, essaysamlingar og faglitteratur. Den ekte og oppriktige opplevinga av ordet som arbeidsreiskap, og den store breidda i forfattarskapen, har gjeve Einar Økland ei rekke prisar og utmerkingar. Mange av prisane er svært prestisjetunge. Etter 45 års forfattarskap er Einar Økland framleis like aktuell, og nye idear og tankar vert formidla av hans høgre hand som til dels framleis nyttar papir og penn som arbeidsreiskap. Denne mannen sluttar aldri å overraske, og i 2006 fekk han til dømes Kari Skjønsbergs pris til fremme av forsking om barne- og ungdomslitteratur. Grunngjevinga var mellom anna: ”Juryen voner at denne prisen kan få forskarsida til å sjå det eksemplariske i Øklands forskarverksemd. Prisen er såleis ikkje meint berre som ein heider til Einar Økland, men også som ei oppmoding om eit opnare og dristigare syn på kva som er forsking innanfor barne- og ungdomslitteraturen". Etter mange år med ulike adresser rundt om i Noreg, og også i Spania, slo Einar Økland seg i 1985 ned på heimplassen i Valevåg. Sia Einar Økland har vore mykje på flyttefot, kan han ikkje skuldast for å ha hatt ei eller anna utømmeleg kjelde av inspirasjon i nærleiken av bustaden. Denne kjelda må derimot finnast i djupet av han sjølv, for som han seiar: ”Ofte skriv eg spontant og utan medviten planleggjing. Bøker har blitt til på kort tid - ei til to veker - og har blitt nedteikna som i ein rus, som om tida stod stille.” |
Tekst av Trond Strømgren Publisert 09.11.08
Bibliografi
Prisar og utmerkingar
Meir om Einar Økland [eksterne lenkjer]
- Intervju med Einar Økland, nettbibliotekets prosjekt ”Vestlandsforfattere”, oktober 2003
- Forskaren Einar Økland vart heidra. [Ved Hege Fagerheim, Høgskolen i Oslo, februar 2006]
- "Samleren Økland" [NRK Nett-TV frå Norge Rundt 24.12.07]
- "Å dikte et menneske er komisk." [Lydklipp frå NRK, juni 1977.]
- "Barnebøkene." [Lydklipp frå NRK, juni 1977]


