Søk
Med tigeren og bjørnen til Panama
seks forteljingar om dei to gode vennene samla i eitt bind
Av: Janosch / Janosch (ill.) / Midtbø, Hanna (ove.)
Frå Bokdykkredaksjonen
50% BOKDYKK-RABATT! Janosch er ein av dei mest populære barnebokforfattarane i verda. Her kjem samleboka om den vesle tigeren og bjørnen - seks ugløymelege forteljingar som har gleda små og store gjennom 30 år. Alle fortener å bli kjende med den vesle tigeren og den vesle bjørnen! Denne samleboka inneheld historiene: Til Panama, til Panama! Kom la oss finne ein skatt Tigerpost Eg skal gjere deg frisk, sa bjørnen God dag, vesle gris Tigeren har fødselsdag Midt i blinken for aldersgruppa 4-8 år.
Omtale
Den vesle bjørnen og den vesle tigeren er to gode venner som opplever mange eventyr. Dei er ikkje redde for nokon ting, for saman er dei sterke. Dei har mange andre venner også, og eit koseleg lite hus ved elva. I Til Panama, til Panama! får du høyre om korleis det går når den vesle tigeren og den vesle bjørnen legg ut på ei reise til Panama. I Kom, la oss finne ein skatt leitar dei etter den største lykke på jord. I Tigerpost får du høyre korleis den vesle bjørnen og den vesle tigeren fann opp posten og telefonen. Eg skal gjere deg frisk, sa bjørnen fortel om den gongen den vesle tigeren var sjuk. God dag, vesle gris handlar om den gongen den vesle tigeren ikkje kom heim att meir. Tigeren har fødselsdag fortel om den gongen den vesle tigeren hadde fødselsdagsselskap. © DnBB AS
Omtaler frå lesarane
Av Liv Jorunn Seljevoll:
Finurlige små historiar fra den fredlege verda ved elva, både bjørnen og tigeren er klare karakterar med gjennomgåande trekk dei fleste kjenner seg att i. Vakkert og morosamt illustrert.
Min absolutte barnebok favoritt!
Av Dagrun Agnes Vikesland:
Historiene om tigeren og bjørnen er ukompliserte, men underfundige, underhaldande og overraskande historier. Historiane, språket og teikningane er slik at både barn og vaksne kan more seg over dei og kome attende til dei gong på gong og likevel oppdage noko nytt og morosamt - eller djupt - ein ikkje har sett før. Språket er nokre gonger malande og beskrivande, andre gonger korthogd eller nærast oppramsande; for denne lesaren alltid humoristisk, men kan for nokre lesarar verte for surrealistisk.
- Original tittel: Ach, so schön ist Panama
- Forlag: Samlaget
- Utgjeve: 2004
- Utgåve: 1
- Målform: Nynorsk
- Innbinding: Innb.
- ISBN: 9788252164879
- Sider: 282
Lenker
Fleire bøker av same forfattar
Emneord: Biletbøker, Vennskap, Bjørnar, Tigrar




