Prisar og utmerkingar
I 1990 fekk Kleiva nynorsk barnelitteraturpris for sin roman ”Plutseleg no”.
For borneboka ”Ikkje gløym å klappe katten” fekk Kleiva i 1997 både Kritikarprisen frå Norsk kritikerlag og Kulturdepartementet sin litteraturpris for borne- og ungdomlitteratur. For denne boka vart ho også nominert til Brageprisen.
1998 fekk Rønnaug Kleiva Samlagsprisen for sin forfattarinnsats.
I 1999 mottok Kleiva den norske prisen i Nordisk barnebokkonkurranse for boka ”Kjærleik på pinne frå Ouagadougou”.
Sigmund Skard-stipendet gjekk til Kleiva i 2003, der Det Norske Samlaget grunngav vinnarvalet med Kleiva sin sterke, tydelege og instisterande og stilsikre forfattarskap.
Rønnaug Kleiva var dessutan ein av fem nominerte til Uprisen 2008 (Ungdomens kritikarpris) for boka ”Andre sida av Paris”.



