Prisar og utmerkingar
Olaug Nilssen vart kåra som Årets Rollemodell av Det Nye sine lesarar i juli i 2008.
I 2006 fekk Olaug Nilssen Målprisen som blant anna var grunngjeve med "Forfattar Olaug Nilssen har markert seg som ein flott frontkjempar for retten til å få skriva nynorsk i dei store Osloavisene. Dette set vi i Noregs Mållag stor pris på."
Under Litteraturfestivalen i 2004 vart Nilssen kåra til ein av Noregs ti beste unge forfattarar av Morgenbladet. Same året vann ho Radio Røynda-prisen.
Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond gjekk til Nilssen i 2004. Juryen grunngav bevilgninga blant anna med:
”Den yngre lovande bokkvinna debuterte då ho berre var 21 år, med ei prosabok som fekk tittelen “Innestengt i udyr”. Det går gjetord om at både redaktørar og konsulentar lo seg fillete då dei fekk dette manuset i hendene. Sjølvsagt lo dei fordi det var morosamt å lese. Men det kan òg tenkast at dei lo av lykke, sidan det ikkje er så ofte det kjem inn ein tekst som viser med all tydeleg klårleik at dette, det er skrive av ein verkeleg forfattar. Og ikkje berre var det ein ny, norsk forfattar som så gledeleg dukka opp, men ei yngre, lovande bokkvinne med ei sterk og original røyst.”
Nilssen fekk også Sigmund Skard-stipendet i 2004 for "sitt litterære mot, si utprøving av litterære verkemiddel og si konsekvente utforsking av romansjangerens moglegheiter. (...) Ho seier noko overraskande og nytt om å vere ung, kome frå bygda og skulle innta byen."
I tillegg har Nilssen motteke ei rekkje prisar, der i blant:
Førde kommune sin kulturpris for 2005
Sunnmørsprisen 2005
Bergensprisen 2005 utdelt av Natt & Dag for "Få meg på, for faen"
Olaug Nilssen var også nominert til Ungdommens kritikarpris i 2005 for boka "Få meg på, for faen".


