Melsonprisen 2009 til Stephen J. Walton
Walton er professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Skaff deg eit liv! Om biografi handlar om biografisjangeren og utfordringar knytt til den i ein tid då biografiar opplev ei enorm lesarinteresse. Juryen seier blant anna at språket i boka er ei glede å lese og at Walton skriv både humoristisk og stilistisk smakfullt. Melson-prisen delast ut kvart år til ein nynorsk forfattar eller omsetjar som har utmerka seg med ei bok som både er til folkeopplysning og allmenn interessant. Formålet med prisen er å fremme nynorsken. Skaff det eit liv! Om biografi vart òg nominert til Brageprisen 2008 og har hausta lovord hjå kritikarane.
Les meir om prisen her:
http://www.samlaget.no/artikkel.cfm?id=1626
Les meir om boka og forfattaren her:



