Dei nynorske festspela er i gong!

Utdeling av prisen til Årets Nynorskbrukar 2009 har allereie vore på programmet og det vert spådd frisk debatt om mangelen på nynorske barnebøker.

Dei nynorske festspela 2009 går føre seg i Ørsta og Volda frå 24. til 28. juli. Arrangør er Nynorsk kultursentrum og Ivar Aasen tunet er sentrum for feiringa av nynorsk språk og kultur.

Ein av paneldebattane vert særskild interessant for oss med ei hjarte for nynorske barnebøker. "Kvar vart det av mangfaldet?", stilte omsetjar og skribent Liv Hatle spørsmål om i BT tidlegare i vår.  I innlegget sett ho søkjelys på mangelen på omsette barnebøker på nynorsk og på problemet rundt mangelen på mangfald i omsett barnelitteratur generelt. Denne debatten vert vidareført på festspela med forfattar Hans Sande, leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård, informasjonssjef Bjarne Buset i Gyldendal og Liv Hatle i panelet.

Les meir om debatten på:

http://bokogsamfunn.no/mangelvare-nynorske-barneb%c3%b8ker/

 

Årets nynorskbrukar 2009

Årets nynorskbrukar 2009 vart seksjonsoverlege Ottar Rekkedal ved sjukehuset Lillehammer. Han fekk prisen for sin innsats for nynorsk som likestilt målform ved helseføretaka og for å vidareutvikle nynorsk som eit medisinsk fagspråk. No lovar han vidare kamp og krev saman med Ottar Grepstad frå Nynorsk kultursentrum eit møte med helseministaren om saka.

 

Les meir på: 

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.6668333

 

Vil du lese meir om Dei nynorske festspela?

Programmet for festspela finn du på:

http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=4251

 

 

 
Skriv ut

Kontakt oss                    Om Bokdykk                    Lenkjer                    Personvern