Lesetipsstafett: Førde bibliotek gir oss sine boktips!


Ann Cleves med Hvite netter

 

Om handlinga

Det er sommar på Shetland. Sola er oppe nesten heile døgnet, og det duse nattelyset, "simmer dim" gjer at folk kan bli litt galne, særleg turistane som ikkje er vane med dette. På opninga av ei kunstutstilling bryt ein mann saman framfor eit bilde. Mannen er engelsk, men påstår han har hukommelsestap og ikkje veit kven han er og kvifor han er på Shetland. Dagen etter blir han funnen hengt i eit naust.

Politietterforskar Jimmy Perez er overtydd om at mordaren er å finne mellom dei få fastbuande. Då identiteten til offeret endeleg blir kjend, viser det seg at mannen har vore på Shetland før, og han kan knytast til hendingar her 15 år tidlegare. Og det skjer endå eit mord...
Jimmy Perez er shetlendar, han kjenner folkelynnet og kan prate med alle. Han samarbeider med Rod Taylor frå politiet i Inverness, ein rastlaus kar som har lite sans for både Shetland og folket der.

 

 

 Les meir om, eller kjøp Hvite netter         Kjøp boka no!

Overraskande vri

Det er mange lause trådar å nøste opp i denne saka, og mange mulige gjerningsmenn undervegs. Forfattaren klarer å halde oppe spenninga heile tida og avsløringa av mordaren er svært overaskande! Naturen, det spesielle landskapet og lyset spelar ei viktig rolle i historia.

Ann Cleves skriv krimmysterier i god gammaldags britisk stil. Dette er den andre av fire planlagde romanar frå Shetland, med politietterforskar Jimmy Perez som hovudperson.

Svart som ravnen er Ann Cleeves første roman i Shetland-serien. 
Gå til Førde bibliotek si nettside.   


 

Terningkast 6 i Aftenposten

"Man gjetter aldri hvem som står bak drapene i denne strålende krimmen. Ann Cleeves ble prisbehengt for forrige bok.
Det bør hun bli for denne også."
- Aftenpostens kulturredaksjon

  Terningkast 6                                                                                                                                  

 

 

 
Skriv ut

Kontakt oss                    Om Bokdykk                    Lenkjer                    Personvern