Lesetipsstafett: Førde bibliotek tipsar om barnebok

Denne gongen tipsar biblioteket om ei flott barnebok.

 

Redd av Vegard Markhus

Biletbok på nynorsk som passar frå 3 årsalderen

 

  Les meir om, eller kjøp Redd     Kjøp boka no!

 

 

Om handlinga
Eg-personen er redd. Han er redd for dei lysegrøne monstra under senga si. Han er redd for den sinte mannen i skapet under vasken. Han er redd den svoltne hunden. Han er redd dei ekle husa og den knirkande skogen. Men så finn han ut at han ikkje lenger vil vere redd.


Bileta er ei blanding av akvarell, strekteikning og fotomontasje, noko som er med på å gi boka ei drøymande stemning.
Ei fin bok om angst og redsle, og som set fantasien i sving hos både store og små.

Vegard Markhus er lærarstudent i Bergen, og biletboka Redd er debutboka hans.


 

 
 
Skriv ut

Kontakt oss                    Om Bokdykk                    Lenkjer                    Personvern