"Fortellinger om henne"

Ein ny, spennande ressurs for bokglade er lansert! På fortellingeromhenne.no vert vi i ei virtuell utstilling presentert for ni jentekarakterar som vi møter i romanar frå midten av 1800-talet og fram til i dag. Målet med utstillinga er å formidle og løfte fram forfattarskap av kvinner og med jenter og kvinner i hovudrolla, gi historisk innsikt og å stimulere til leseglede blant ungdom. 

Dei ni jenteskikkelsane vert presentert på ein kreativ måte der det er spunne historier ut frå delar av handlinga frå boka. I tillegg gir utstillinga eit innblikk i tida handlinga frå bøkene utspelar seg, fortel om boka og forfattaren, samt byr på fleire spennande artiklar, intervju og biografiar.

Fortellingeromhenne.no inneheld òg ei ressursside for dei som ønskjer tips og inspirasjon til å skrive tekstar, med quiz, fleire boktips og ei oversikt over andre gode inngangsportar på nett til litteratur for ungdom. Utstillinga er dessutan eit ypparleg verkty i norskundervisning i skulen. Bak prosjektet står Foreningen !les og Norges forskningsråds sekretariat for kvinne- og kjønnsforskning, Kilden.

 

 
Skriv ut

Kontakt oss                    Om Bokdykk                    Lenkjer                    Personvern