3 anbefalte av Agnes Ravatn

– Kva for ei bok har betydd mest for deg? Bokdykk stiller spørsmålet til Agnes Ravatn.
– Ops, dette var vanskeleg. Som barn er jo alle opplevingar større enn som vaksen, så eg trur eg vil svare: Dustene av Roald Dahl. Eit eintydig negativt portrett av to vaksne, stygge idiotar. Akkurat slik bør barnelitteratur vere.

– Kan du anbefale andre bokdykkarar tre bøker? 

1. Dr. Glas av Hjalmar Söderberg. Ein illusjonslaus, vakker og morosam dagboksroman om den forelska melankolikaren Doktor Glas, ein varm sommar i Stockholm.


2. Fangeteneste av Rønnaug Kleiva. Ganske så illusjonslaust dette óg, frå den komande festspeldiktaren, og det verste er at ein (iallfall eg) risikerer å kjenne seg att.

 
Foto Paul Bernhard 
   

3. I tilfelle nokon spør eller ei av dei andre artikkelsamlingane til Einar Økland. Ein treng ikkje vere ekstra interessert i påskekyllingen som postkortmotiv for å likevel ha stort utbyte av å lese om han. Eg finn ikkje gode nok adjektiv for å skildre Øklands essayistikk og småprosa, men det held kanskje å seie at eg nesten alltid har ei av bøkene hans i veska, i staden for pepparspray eller leppestift. Jo forresten, eg har leppestift i tillegg. 

 

Fangeteneste    I tilfelle nokon spør   Dustene av Roald Dahl  
         

 

 Les heile forfattarintervjuet med Agnes Ravatn

 
Skriv ut

Kontakt oss                    Om Bokdykk                    Lenkjer                    Personvern