Boktips frå Erna Osland

Erna Osland er aktuell med si nye ungdomsbok Den uendelege reisa, men ho går ikkje av vegen for å tipse om andre bøker som gir leselykke! Vi har fått forfattarens boktips for heile familien.

 


Kan du anbefale nokre bøker til Bokdykk sine leseglade besøkande,
gjerne tre i vaksensjangeren og tre i frå borne og ungdomslitteraturen.
Og skriv litt om kvifor du vil anbefale akkurat dei.

Tre av kvar? Enn om eg nemner seks for alle? 

1. Bøkene om frosken av Max Velthuijs
Små bøker om store og viktige ting: sorger, gleder, forelsking og vennskap.
Alle kan lese desse bøkene. Spesielt fine er dei å lese liten og stor saman.

2. Dustefjertbøkene til Rune Belsvik. Dei er litt som froskebøkene. Men har enda meir tekst og altså enda meir å glede seg over for den som liker å gå på språkleg skattejakt.

3. Jungelord av Helga Gunerius Eriksen. Ei bok om ord - og om å finne seg til rette i jungelen av kjensler.

4. Og låste med en hengelås av Marit Kaldhol. Ei god bok å lese når livet blir for stritt.
Ja, elles også. Men særs god å ta til når det buttar imot som verst.

5. Elefantmusikken av Ragnar Hovland.
Poesi for alle om det meste.

6. Black and Decker og 20 andre historier.
Ei samling svært ulike historier. Altså litt for heile familien. Alle tekstar er av finfin Økland-årgang.

 

 

 

 

 

 

 

 


Om vaksne absolutt må ha noko for seg sjølve,  så kan dei ha Alice Munro på lur. Ho skriv noveller - korte og lange, tilsynelatande kvardagslivege historier som loddar uendeleg djupt. Og det er vel det vi vil litteraturen skal gjere: syne oss noko, gjerne noko som gjer liva våre lettare å forstå. Og kjekkare!

 
 

Les heile intervjuet med Erna Osland her.

 

 

 

 
 
Skriv ut

Kontakt oss                    Om Bokdykk                    Lenkjer                    Personvern