Hilde K. Kvalvaag
Reisa - I livet og litteraturen. Eit Intervju med Hilde K. Kvalvaag
- I di forrige bok Skagerrak, og i boka Nattsommarfugl frå 2005 er handlinga lagt til sommarferien. Kva er det med sommarferie og kriser?
Det ville jo vere kjedeleg å skrive om folk som berre er heime. Kanskje er det også fordi eg sjølv er glad i å reise, å vere i rørsle. Sommarferien er også eit godt utgangspunkt for å setje historia i gang, gje den intensitet. Den kan by på kontrastar i kjenslelivet, at det blir mørke i alt sommarlyset. Det er då folk er tett saman og har det fint. Samstundes som problema kjenst sterkare. Ferien vert slik ein fin arena for eit litterært kammerspel, som jo til dømes Skagerrak er.
- Du debuterte med ungdomsromanen Hjarteklapp og har forutan vaksenromanen Skagerrak, haldt fram med å skrive for ungdom. Nyleg fekk du Nynorskprisen for ungdomsromanen Fengsla, som du jo også fekk Brageprisen for. Kva er det som gjer at du som forfattar søkjer ei særskildt målgruppe?
Det er litt tilfeldig. Eg gjekk på linja for barne og ungdomslitteratur, som var eit prøveprosjekt under svært kunnig leiing av Erna Osland. Og då kjende eg at dette var noko eg fekk litt dreisen på. Eg er vel sjølv ei litt uroleg sjel, og det trur eg nok er ei føremon for å setje seg inn i alt dette som riv og slit i ungdomen. Eg har lett for å kjede meg. Og kjenner meg att i begjæret etter at noko skal skje. I Fengsla handlar det i grunn om å handtere dette. Og om at alt er nytt, til dømes det at ein som ung kvinne må lære seg eit erotisk språk å kommuniserer dette begjæret i, på eit vis som ein sjølv forstår og har kontroll med.
- Skagerrak var den første vaksenromanen din. Kjem det fleire?
Ja. Romanen eg arbeider med no er også ein vaksenroman. Her spelar Canada ei rolle. Eg er godt i gang med arbeidet, men vil bruke god tid for å få den best mogleg. Her er jo også reisa eit sentralt moment. Dette å alltid vere i rørsle er visst ei diagnose. Og eg er nok råka, både i skrifta og elles.
- Kvifor er det viktig for deg å skrive?
Eg har det gøy når eg skriv! Det er på mange måtar meditasjon for meg. Eg vert glad når eg skriv ei god setning. Det er som å grave gull. Av og til finn ein det, i sin eigen bærbare pc, og det er ein djup tilfredsstillelse. Det handlar for meg mykje om å få ei kunstnarisk form på noko som kanskje er vanskeleg og vondt. Så vert det fint likevel. Og så er det å skrive ein fantastisk måte å kommunisere med andre på, kor ein kan forstå seg sjølv og andre betre. Ingenting kan avdekke menneskesinnets mørkare krokar betre enn litteraturen. Her kjem ein lengre inn i menneskets bevisstheit enn i samtale. Sjølv om eg er glad i film og fotografi er synest eg litteratur heilt klart er det beste mediet for menneskeleg innsikt. Generelt treng vi kunst for å forskjønne traumene våre, som trøyst. Men også for å sjå klarare, for å le av oss sjølv og konfrontere det menneskelege. Eg er også oppteken av kvalitet og språk, og ønsket om å stadig skrive betre er nok og ei drivkraft for meg. Denne trenden med utøsing av personleg liv er ikkje vegen å gå for meg i alle fall. Og noko eg trur vil snu. Forfattaren skriv jo sjølvsagt utifrå seg sjølv, men eg er skeptisk til å bruke familien som romanfigurar, eg trur prisen for det fort kan bli for høg.
- Du arbeider jo også som redaktør. Korleis er skrivekvardagen din?
Eg jobbar i halv stilling for eit forskingstidsskrift. Så eg skriv når eg kan. Optimalt har eg fri annankvar veke, så det meste av skrivinga går føre seg då. Det er viktig for meg å gå heilt inn i manuset. Då vert skriveperiodane rimeleg intense. Å vere forfattar er litt som å leve i to røynder.
- Du har jo fått fleire prisar for forfattarskapen din, til liks med mange andre nynorskforfattarar. Men stadig høyrere vi at nynorsken er under hardt press. Kva tenkjer du om det?
Det kjekke med Brageprisen er at den er ein pris med ein breitt samansett jury. Det var ei ære å få den! Og det kan vel sjå ut som at litteraturen er ein av dei få plassane kor nynorsken ikkje er så pressa. Fordommane mot nynorsk litteratur har blitt mindre. Mange las til dømes Anna Gavalda som Tove Bakke omsette til nynorsk, også mange som ikkje nyttar målføret. Og suksessrike nynorskforfattarar som til dømes Maria Parr har vel gjort sitt til at det no eksisterar mindre berøringsangst i høve nynorsken. Sjølv trivst eg særs godt med å vere nynorskforfattar på Samlaget.
3 Boktips frå Hilde;
Mannen i Montgomery street av Karin Sveen. - Imponerande arbeid. Medrivande.
Toget fra Ajaccio av Anne Oterholm. - Eg liker denne forfattaren fordi ho er så modig. Ho tør å skrive om det som er ubehageleg. Interessant blanding av høgt og lavt.
Questions of travel av Elisabeth Bishop - Fantastisk klart språk! Sårt men aldri sentimentalt.
Bibliografi
| Utg. | Nyutg. | Tittel | I sal |
| 2010 | Fengsla | innb. | |
| 2008 | 2010 | Skagerrak | innb. | hefta |
| 2005 | Nattsommarfugl | innb. | |
| 2003 | Hjarteklapp | innb. |

