Atle Hansen

Atle Hansen (f. 1954) har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Han har studert litteratur, teater og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Sin litterære debut fekk han i 1997 med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. I 2002 kom den første boka for vaksne, Sargasso. Oppvekstromanen Som ein engel (2005) følgde opp dei gode meldingane, Definitivt hjerter ess kom i 2009. Hansen er likevel mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge han har på samvitet, som t.d. Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008) og Den svarte oksen (2009). Hansen har ei lang karriere som musikar bak seg, og har m.a. fått Hordaland Mållags målrockpris for plata Trøysteslaus hotell i 1984.

Forfattar og trubadur

Bokdykk har snakka med den allsidige forfattaren, musikaren og journalisten Atle Hansen om bøker, musikk og formidling. Og litt om språk sjølvsagt. Han seier at han heller vil opptre enn å skrive og ønskjer seg meir bann og elsk på nynorsk!

Du har skrive mykje for barn. Særleg spaningsbøker. Kvifor det?

Det er vel slik det blir. Eller slik eg er? Når eg byrjar å skriva, så vert det lett ei spenningshistorie av det. Og som oftast endar det som ei bok for 10-12-åringar. Nokre gongar har det vorte vaksenbøker i staden.

Eg sat på toget frå Aurland ein gong, medan du og Roald Kaldestad spelte elgitar og leste frå bøkene dykkar. Særs effektfullt. Er dette noko du plar gjere, kombinere musikk og opplesing?

Eg har drive med musikk frå eg var liten. Sunge og spela gitar - og laga songar. Bøker byrja eg skriva i godt vaksen alder.  Når eg reiser rundt i skulane brukar eg å syngja litt i tillegg til å snakka om bøkene mine.  Då eg skreiv "Den svarte oksen" tenkte eg at denne teksten skulle kunna lesast, medan eg spelte gitar til. No har eg hatt om lag 100 framsyningar, der eg les heile boka, medan eg improviserer lydeffektar og musikk til ved hjelp av el-gitar, live-sampling og loopar. Det blir ein slags live lydbok. Eg veit ikkje om nokon andre som gjer dette. Responsen har vore svært god, må eg seia.

 Du skriv jo også for vaksne. No sist "Definitivt hjarter ess" Kva er forskjellen på å skrive for vaksne og barn. Korleis opplev du forskjellen på opplesingane?

Skriving er skriving. Jobben er den same. Når eg byrjar å skriva på eit manus, så veit eg ikkje alltid kva det skal handla om. Eg set meg ved tastaturet. Ein setning dukkar opp i fingrane mine. Den fører somme gonger til ei ny setning. Saman gjev dei liv til ein tredje. Og så ballar det på seg. Språket er på mange måtar med på å skapa historia. Andre gongar ser eg føre meg ein situasjon og prøver å finna ut kva som har hendt her, eller kva som kjem til å henda. Så skriv eg i veg.  Skriveprosessen på vaksen- og barnebøker er den same. Men barnebøkene er kortare. Dei har også ein annan stil og eit anna språk. Å lesa for born og vaksne er ikkje nokon skilnad på. Eg likar å lesa, og eg likar å opptre.  Ja, eg likar det betre enn å skriva.   

Når ein gjev ut barnebok i Noreg er ein heldig om ein får ei bokmelding. Kva tenkjer du om statusen og vilkåra for barnebokforfattarane?

Det har blitt betre dei siste åra. Men ikkje godt nok. Dei store avisene er byrja med meldingar av barnebøker. Men det er stort sett kjendisar og krimforfattarar sine barnebøker som vert melde. Og dei skriv ikkje alltid like gode barnebøker, for å seia det slik. Framleis er det vel slik at ein barnebokforfattar ikkje vert sett på som skikkeleg forfattar. Kor mange barnebokforfattarar vert innstilte til Nordisk råds litteraturpris t.d.? Er ikkje Maria Parr ein like god forfattar som sjølvbiografane Knausgård og Espedal? Eller Marit Kaldhol? For ikkje å snakka om Rune Belsvik.

Du er ein av grunnleggarane av barnebokfestivalen Falturiltu på Stord. Overlever den i det maniske Festivalnoreg?

Falturiltu vert skipa til for femte gong i år. Me har byrja i det små og tek steg for steg mot å bli ein større og viktigare festival.  Eg trur at festivalen kjem til å leva lenge. Me arbeider i ein liten nisje, som ingen andre bryr seg om. Føremålet er å setja lys på nynorske barne- og ungdomsbøker, som trass i at dei vinn prisar og vert omsette til andre språk, ikkje er særleg synlege i det litterære landskapet eller i bokhandlar og bibliotek.  I år er Ingelin Røssland festivaldiktar. Tema er "Tøff i trynet". 

Låtskrivar, journalist og forfattar. Du nyttar språket på ulikt vis. Fortel litt om det, og om kva du tenkjer om framtida til nynorsken.

Eg ser litt svart på det. Eg trur at eg er ein utdøyande rase. Nynorsken vinn innpass på stadig nye område, ser eg. (Ny-)norske ord glir inn i bokmålet og vert tekne i bruk av nyhendopplesarar på NRK og avisjournalistar, utan at nokon reagerer, korkje med glede eller sinne. Samstundes vert me færre og færre som brukar nynorsk til dagleg. Ungdommar med nynorsk på skulen, skiftar til bokmål så snart dei kan velja sjølv.

Innvandrarar på språkkurs i nynorskkommunen Stord lærer utelukkande bokmål. Slik er det i heile Nynoreg.

Eg reiser mykje rundt i skular i bokmålsland. Tusenvis av ungar har høyrt meg snakka dialekt og lesa nynorsk. Dei spør aldri kvifor eg gjer det, dei seier aldri at dei ikkje forstår kva eg seier. Men lærarane gjer. Etter ein time framfor 80 medrivne elevar, seier gjerne norsklæraren (som oftast ei kvinne) at det er "dumt at du skriver på nynorsk, for da kan vi ikke bruke bøkene dine i undervisningen. Barna forstår dem ikke."

Om nokre år er eg redd for at det er nokre særingar som meg att, som held fast ved dette vakre språket vårt. Og nokre bokmålsskrivande og -talande poetar og forlagsfolk som brukar bokmål privat og har bidrege til språkdrapet ved å gjera det til eit litterært språk og ikkje til eit daglegtala rope-, skrike-, elske-, banne-, jobbe- og tenkjespråk.

Korleis er skrivedagen din? Har du ein særskildt stad du skriv på, eller særskilde vaner?

Eg jobbar femti prosent som journalist. Annakvar veke. Då sit eg på kontoret i bladstova og skriv. Eg har eit kontor utanfor heimen til å skriva bøker og laga musikk i òg, men oftast vert det likevel til at eg sit i godstolen med laptoppen i fanget og tekoppen ved sida av meg og skriv så godt eg kan, medan sjøen og skogen lokkar utanfor vindauga og hunden ligg og klynkar og seier at han vil på tur.

Kva kan vi glede oss til no, vi som ventar på nytt frå Atle Hansen?

Eg veit at det kjem ei ny barnbok neste vår, ikkje spenning denne gongen. Meir vil eg ikkje seia i denne omgangen. Så jobbar eg med ulike tekstar og prosjekt. Og når lysta kjem over meg tek eg fram gitaren, ukulelen eller ein musikk-app på i-padda og lagar litt musikk. Om det vert ny plate eller berre utgjevingar digitalt i framtida, veit eg ikkje enno.

 

3 boktips frå Atle:

 

Antoine da Saint-Exupery: Den lille prinsen. - Kan og bør lesast av både vaksne og born. Mykje klokt.

Haruki Murakami: Trekkoppfuglen.

Hans Sande: Strime - Utvida litteratur interessa mi i ungdomen.

 

Bibliografi

Utg. Nyutg. Tittel I sal
2012   Syng meg heim! innb.
2012   Amandas medisin innb.
2012   Amanda sin medisin innb.
2009   Den svarte oksen innb.
2009   Definitivt hjerter ess innb.
2008   Fangar i natta innb.
2007   Skatten i Skutevika innb.
2006   Det kvite pulveret innb.
2005   Som ein engel innb.
2005   Gull og edelsteinar innb.
2004   Ulvestova innb.
2003 2011 Sargasso innb. | hefta | eb
2001   Heksa innb.
2000   Skatten innb.
1999   Pelle Parakitt innb.
1998   Den nihala katten innb.
1997   Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill innb.

 

Eksterne lenkjer

 
 
Skriv ut

Kontakt oss                    Om Bokdykk                    Lenkjer                    Personvern