Hans Sande

Hans Sande (f. 1946) er forfattar og psykiater, og busett i Førde i Sunnfjord. Han har gitt ut 47 bøker, både romanar, diktsamlingar og ei rekkje bøker for barn og ungdom. Han har også fått fleire prisar for sitt forfattarskap. I tillegg har han skrive fleire skodespel, blant anna "Hundre år og like stri!" og "Hyttekoz", begge framførte på Sogn og Fjordane teater. Som biletkunstnar har han illustrert fleire av sine eigne bøker. For tida har han tre skulptursamlingar på vandring: "I dag såg eg to spadar", "Brest i bringa", og "Kjælne kjevler og tomme hender". Den siste samlinga er omskapt til bok med fotografi ved Ole Fretheim.

Rotlaus, original og provoserande

 

Du har fått fleire prisar, og vore nominert til bragepris. Kva har slikt å seie for deg? Kva tenkjer du om dei litterære prisane i Noreg?

Eg er berre ein mann, og eg treng at nokon klappar meg på skuldra og kjem med godord kvart tiande år. No finst det  så mange prisar at dei forfattarane som driv på lenge nok med å gje ut bøker, før eller seinare vil få ein eller fleire litterære prisar. Og det er fint, det er ei oppmuntring for oss som skriv, det er ei ære og five minutes of fame. Det er kjempeviktig at det blir blest om ei bok eller heile forfattarskapen. Men eg trur  at tildelinga fører til vonbrot og får fram misunning,  frustrasjon og diverse smålege tankar om den sjølvsentrerte og oppskrytte medianissen som får den prisen eg eller du har venta på og har rett på.  Det er heilt normalt at eg føler det slik, seier psykologen, berre kom fram med alt det stygge. For alt kjem seg  av det einsame yrket vi har, at vi jobbar og riv og skriv oss til blods og aldri veit om det vi balar med blir bra nok. Ja, det er ei sær og skjelven oppleving å arbeide i månader og år med noko som eg ikkje veit om det blir noko av, om det blir bra nok, om eg får løn for strevet, eller om alt i hop berre er ein dott navlelo som eg prøver å strekkje utover og lage meg ei fullgod vinterdyne av.

Du er, til liks med Ragnar Hovland, sjølverklært rotlaus presteson oppvaksen på vestlandet. Og det slår meg at surrealisme og svart humor, eller skal vi seie karnevalisme, kan seiast å kjenneteikne dykk begge.  Eit trekk som vel har vore klistra på fleire såkalla vestlandsforfattarar.  Kva trur du sjølv, har den geografiske og sosiale bakgrunnen i stor grad prega litteraturen din?

Ja, eg trur at det å vere presteson har vore viktig for meg og måten eg opplever verda på, og dermed måten eg skriv på. Far min var ein skjemtegauk som la vekt på å vere folkeleg og godt likt av alle, og det vart han. Mor mi var ei prestekone som røykte, køyrde bil og hadde skeive sokkesaumar, og på toppen av alt vinka til folk når ho såg nokon ho kjende. Vi sju presteungane voks opp i gamle dagar, då prestefamilien sto i ei særstilling. Kor høyrde vi heime? Kanskje i søskenflokken, kanskje i den neste bygda vi skulle flytte til? Heilt frå eg var liten hadde eg stor glede av å snakke med dei løgne i bygda, og dei likte å snakke med meg. Dei sto utanfor,  dei var utdefinerte,  einstøingar som ikkje brydde seg om reglane for kva ein kunne snakke om. Eg var berre ein harmlaus og nyfiken gutunge som kunne spørje om kva som helst og få svar.

Det er ei felle her, og det er at vi skaper oss eit image, vi skaper oss sjølve i vårt eige bilde. Eitt av desse bilda er av den ironiske og sjølvironiske, litt distanserte prestesonen, ein litt melankolsk, rotlaus vestlending som held gauk med alt og alle, nektar å tru på noko som helst, og med kronisk provokasjonstrong.

Versågod, alle bladfykar og bokmeldarar, no kan de seie: "Vi har ham nå". Lat meg seie at eg held dette bildet opp framfor meg. Bildet minner om det eg svarar når folk masar og tyt for å få meg til å seie nett kor eg og dialekten min kjem frå. Eg svarar Dalen, dvs Dalen i Telemark, og folk nikkar og seier at det kan dei høyre, det stemmer. Dermed kan vi kome vidare i praten. Og Dalen er sikkert ei fin bygd med ein fin dialekt. Men eg har aldri budd der. Kor høyrer eg vel heime? I skrivinga, i skapinga.

I artikkelen Kreativ Mani skreiv du at forfattarlivet også er eit slit "Fordi straumen i periodar er ustoppeleg, og alt eg ser og høyrer og føler blir sugd inn i den kreative vedundermaskina som skapar kunst av daude skjortar og utgåtte skosålar" og du koplar dette med ein særskildt måte å vere i verda på, ein måte forfattaren kanskje deler med psykotikaren og oppfinnaren. Det får meg til å tenkje på noko Sigurd Hoel sa, då han vart spurt om korleis han kopla av. Han var ikkje interessert i å kople av, det handla om å kople seg på, sa han. Men hos deg virker det meir som om noko som boblar opp innanfrå, og som ein ikkje kan motstå.

Ja, eg kjenner meg meir igjen i det Britt Karin Larsen svara då ho vart spurd korleis ho fekk inspirasjon: Problemet er ikkje å få inspirasjon, det er å unngå å få inspirasjon.

I vår tid er jo sjeleliv blitt butikk, og innan alternativrørsla heiter det at ein kan nå både det eine og det andre i seg sjølv. Og at dette er av det gode. Men kva tenkjer du? Er den kreative manien særskilt for nokre typar menneske?

Den gamle luringen Aristoteles var ein av dei første som kom med den frekke påstanden om at det var ein samanheng mellom galskap og kreativitet, eller rettare sagt genialitet. No har forskarar ved Karolinska sjukhuset funne at det er ein likskap i hjernen mellom schizofrene og såkalla høgkreative. Vi har eit mønster i neurotransmittorane som skiljer oss frå dei normale som må kople seg på og leite etter inspirasjon, dei som får skrivesperre eller slett ikkje får til å skape og  skrive, kort sagt dei som manglar tankemylder.  Ei anna forskargruppe ved det lokale sjukehuset mitt har studert sprø og unyttige og løgne tankar, og funne ut at førekomsten av slike laterale tankar pr tidseining varierer frå 0-5 pr time for såkalla normale, frå 5 til 25 for folk som skriv tradisjonelle romanar og tradisjonell poesi, frå 25 til 50 for oppfinnarar og slike som meg, og over 50 for psykotiske. Sjølv ligg eg og vippar kring 50. Det er skøy, men det kan som sagt vere eit slit. Kva rolle har kreativiteten hatt i evolusjonen? Eg lurer på kor vi hadde vore utan denne evna til å tenkje nye og uventa og merkelege tankar: Ingen gudar, ingen automobilar, ingen demonar og  kvarkar og ingen svarte hol.

Du er oppteken av det umedvetne, eller det du i ein tekst kallar fabrikken i toppetasjen. Mange vil meine at nattdraumar er ein tilgang til det umedvetne. Kva roller spelar draumar i kunsten din?

Jau, i periodar har eg prøvd det, og somme draumar har eg brukt. Men oftare er det snakk om indre film som spelar seg av  eller ei uventa setning som dukkar opp medan eg ligg i dvale like før eg sovnar eller før eg står opp. Eg er glad til for at eg ikkje treng å grave i draumane mine. Dermed kan eg ta meg fri kvar natt. Men eg har ofte glede av metoden med å sovne med eit spørsmål om korleis handlinga skal så vidare, og så vakne med svaret på tunga. Ofte har eg kjensla av at skriving handlar om å finne noko, ikkje finne opp, det handlar om å hente fram noko som ligg og ventar, ferdig forma, like mykje som å skape.

Du har jo gjennom eit langt arbeidsliv vore psykiatar. Ein kjenner omgrepet det umedvetne frå delar av psykoanalysen. Ein stad takkar du "oldingar, egyptarar og vossingar, jomfruer og horebukkar, uteliggjarar og inneliggjarar, taletrengde hundar og avdanka gudar, fortidsmenneske og framtidsmenneske, sprellande fiskepuddingar og tankefulle sniglar" for hjelpa. Peikar dette mot eit kollektivt umedvete? Korleis fungerer i tilfelle dine tankar om kreativitet og det umedvetne i høve den evidensbaserte psykriatrien?

Du spør om eg kjenner meg heime i tankeverda til Carl Jung? Ja, dette er ein av mange knaggar som ein kan velje i forsøket på å forstå korleis eg sjølv og andre fungerer. Det menneske og dyr har opplevd på si ufatteleg lange utvikling må ha sett spor. Knaggen kan også brukast til å knyte oss tettare til våre søstrer og brør på fire bein og dei med vengjer og dei med gjeller og spord. Kanskje er det der eg har kome nærmast det kollektive, når eg skriv om Blåkvalens apostel, om guten som blir til Plommetreet, om Hunden som øver på talen sin og den truskyldige Frosken som sprett omkring og lurer på kva som er meininga og målet med alt i hop.

Den evidensbaserte psykiatrien er eg ikkje heilt sikker på kva er. Meiner du psykiatriske behandlingsmetodar med dokumentert effekt, eller mennesket som biomasse og hjernen som biologisk apparat? Eg kunne seie at eg kjenner dragning i alle retningar, men eg ser ikkje motsetnaden, eg kjenner meg ikkje splitta mellom biologi og psykologi. Det er eit forunderleg fenomen at vi både kan vere til som kroppar og tenkje at vi er til, at vi kan prøve å forstå oss sjølve, at vi kan studere våre eigne kjensler og reaksjonar og i neste no bli oppslukte av dei. Ja, for eit samantreff at det er eg som er i stand til dette! At eg fekk leve på dette stadiet i evolusjonen!

I romanen Slepe rund på døde dyr, freister hovudpersonen som er pleieassitent på Valen sjukehus, å aktivere ein kreativitet, mellom anna ved å stille opp reiskaper framfor huset og tvinge dei til å uttrykke seg gjennom han. Det er då viktig for han å nytte reiskaper som idolet og pasienten Olav H. Hauge ikkje har skrive om i sine dikt. Vi får vel seie at det ikkje vert kunst av dette eksperimentet. Er dette biletet eit uttrykk for at den kreative manien ikkje let seg tvinge fram? I allefall ikkje gjennom ein annan forfattarskap? Har du sjølv eit nært lesartilhøve til ein forfattar som har påverka deg og di skriving?

Eg trur ikkje at den kreative manien kan tvingast fram. Men eg trur at den kreative evna kan lokkast fram. Det kjem av det finst mange sperrer, og som nokre psykologiske skriveforsøk har vist, er den ytre motivasjonen ei av dei verste hindringane; dette ønskjet om å imponere, å bli likt for det ein skriv, eller for den del å bli berømt og tene masse pengar...eller å få prisar.

Eg trur eg fekk hjelp til å finne mi eiga stemme ved å lese polske og tsjekkiske dikt omsette av Arnljot Eggen. Det var så uventa at slike korte og knappe setningar kunne stå som dikt, og i debutsamlinga Strime frå 1969 er det nett den måten eg uttrykkjer meg på.

Til forsvar for metoden til hovudpersonen i Slepe rundt på døde dyr, vil eg nemne at eg no prøver å få ut ei kunstbok med tittelen "I dag såg eg to spadar." Det er gamle reiskapar; spadar og grev og greip, som får nytt liv som treskulpturar på høge bein, og som dikt. Dikta oppsto på den måten som Andor Skorpen brukte, ved at eg stilte reiskapane opp langs løeveggen og bad dei snakke ut med meg. Og det gjorde dei, dei var ikkje så tungbedne.

Bøkene dine, ikkje minst barnebøkene, vert ofte omtala med superlativa kreativt, spanande, originalt og provoserande. Sprudlande meiner eg også har vore mykje nytta. Ord som seier noko om overskot og leik. Men ein del av bøkene har jo også ei temmeleg mørk side. Er saknet, einsemda og melankolien ei slags forutsetning for gleda og leiken, også i litteraturen?

For meg høyrer lys og mørker saman, så banalt er det, det er mørkret som gjer at vi ser lyset. Det er lyset som gjer at vi undrar oss over kva som skjuler seg i mørkret. Eg er ikkje interessert i å skrive noko som berre er underhaldande, og heller ikkje i det som er berre mørkt og alvorleg...og klokt. Villskapen, leiken, galskapen må vere med! Kanskje sorga og, for livet er bittersøtt, og midt under gravferda leikar småungane i midtgangen.

Det vert også nemnt at bøkene dine er på grensa av kva ein bør utsetje uskuldige folk for. Det gjeld både vaksne og barn. Er du oppteken av å vise til andre sider av det å vere menneske enn vi gjerne vil tenkje over i ein sosialdemokratisk og pengerik kvardag rimeleg fri for smerte, naud og galskap?

Heilt frå den første barneboka mi, Lita grøn grasbok, kom ut i 1972, har grensejegarar patruljert langs bøkene mine for å fortelje meg  kor grensa går for kva eg bør skrive.  Men alle veit jo at grensene flytter seg. Det som var stygt og provoserande det eine året, er spennande og nyskapande i det neste. Det bør ikkje overraske nokon at somme kunstnarar og forfattarar ligg litt i framkant.

Eg hadde nyss ei fin og uventa oppleving i ein skuleklasse i Førde, ein fjerdeklasse. Læraren fortalde at elevane gledde seg aller mest til at eg skulle lese diktet Pernille, som ein gong vart oppfatta som heilt forferdeleg.

Mor og far skal pule

og eg må vere stille

Elles kan eg skremme bort

ho som blir Pernille

 

Mor går rundt med mage

og eg går rundt og smiler

Far har gjort ein kjempejobb

han set seg ned og kviler

 

Mor har fått ein unge

ho greidde det til sutt

Men er det ikkje rart at

Pernille er ein gut? 

 

For den, førebels, siste barneboka di, Pappa er sjørøvar, har du fått ein del kritikk for måten landet Israel er framstilt. Og nokre spør seg korvidt eit såpass klart politisk perspektiv bør vere ein del av ei barnebok. Kva tenkjer du om denne kritikken?

Temaet i boka er først og fremst samspelet mellom far og dotter. Pappa påstår at han er sjørøvar, men når er Tuva stor nok til å få vite kva han eigentleg driv med? Tuva er sju år og opplever verda og urettferda på sin måte. Ikkje ved at heile den kompliserte problematikken blir bretta ut , men gjennom venskapen med den palestinske jenta Lamia. Konflikten syner seg for jentene gjennom to  heilt konkrete element; striden om Muren og Vatnet. Tuva stiller det spørsmålet som ungar, med sin naturlege rettferdssans,  alltid stiller: Korfor? Korfor er det så urettferdig?

Boka peikar mot eit viktig spørsmål i alle forhold mellom vaksne og ungar: Når skal vi fortelje ungane kva som skjer i den vaksne verda? Korleis skal vi fortelje det? Eg meiner det er viktig å vise ungane at vi bryr oss om meir enn det daglege kavet, og eg  håpar at barnebøkene kan vere ein møteplass for å snakke om og fabulere omkring mangt som ungane elles berre får korte glimt av. Gode barnebøker skal også vere interessante og overraskande for vaksne. Slik kan dei bli ein innfallsport til å dele med ungane det  vi er engasjerte i og det vi brenn for. Og det som gjer oss triste.

Sjå heimesida til Hans Sande: hans-sande.com.

 

Boktips;

Britt Karin Larsen - Det vokser et tre i Mostamägg

Boris Vian - Hjerteskjæreren

Rune Belsvik - Forteljingar om Jolver

Kurt Vonnegut jr. - Slaktehus 5

Marit Kaldhol - Dei aller fleste av bøkene hennar

Norske folkeeventyr

Jon Fosse - Melankolia

Ingeborg Arvola - Monsterrytterne

Clifford D. Zimak - Legenden om mennesket

 

 

Intervjuar; Terje Hellesen

 

Bibliografi

Utg. Nyutg. Tittel I sal
2012   Lars på Mars innb.
2012   Arkimedes og snøballen innb.
2011   Pappa er sjørøvar innb.
2010   Kjenn på dette, skatten min! kartonert
2010   Jeg kan - kan du også? kartonert
2010   Hvor er Gogos nese? kartonert
2010   Hopp i havet, Elise! innb.
2010   Gogos dyrebok kartonert
2010   Fra topp til tå kartonert
2010   1, 2, 3! kartonert
2009   Velkommen, lille venn! kartonert
2009   Titt-tei, kom frem! kartonert
2009   Slepe rundt på døde dyr innb.
2009   Plask! kartonert
2009   Her er jeg! kartonert
2009   Heilt konge innb.
2009   Hei, her kommer jeg! kartonert
2009   God natt, lille venn! kartonert
2009   Er du blind i dag, Elise? innb.
2008   Min egen babybok kartonert
2008   Kjælne kjevler og tomme hender innb.
2008   Då eg kom heim, var hesten borte innb.
2007   Slangen i graset innb.
2007   Gjer deg mjuk, smyg deg inn hefta
2006   Svart kalv @ kvit snø innb.
2006   Arkimedes i Prompeland innb.
2004   Smygar innb.
2003   Hundar i mørkret innb.
2003   Frosken innb.
2002   Eline og ulven innb.
2002   Arkimedes og rulletrappa innb.
2001 2002 Sprekk innb. | hefta
2001   Fuglejenta innb.
2000   Arkimedes og brødskiva innb.
1999   Elefantevangeliet innb.
1998   Oldemor ligg i frysen innb.
1997   Nattbarnehagen innb.
1997   Hjernegråt innb.
1995   Kyss ein bananfrosk! innb.
1994   Kom no, natt! innb.
1993   Tigeren talar tydeleg hefta
1993   Prinsen på erta og andre urolege nattpattedyr innb.
1992   Fiskepuddingen Pim på nye sprell innb.
1992   Det hjertet som vi har innb.
1991   Sprettert og eg innb.
1991   Kneip innb.
1990   Blåkvalens apostel innb.
1988   Den dagen det regna kattunger innb.
1987   Løvekyss hefta
1985   Vaksen kar rir ut i rim innb.
1984   Plommetreet kartonert
1983   Prinsesse Bertas blanda drops innb.
1982   Fiskepuddingen Pim innb.
1980   Lebensraum hefta
1980   Det kvite pulveret innb.
1974   Barn i byen hefta

 
 
Skriv ut

Kontakt oss                    Om Bokdykk                    Lenkjer                    Personvern