Spørsmål og svar

Registrering og innlogging

  • Kvifor får eg ikkje opprette brukarkonto?
    Dersom opplysningane du har fylt inn i registreringsskjemaet ikkje er rett utfylt eller du har gløymt å fylle ut nokre felt, får du ikkje registrere deg som brukar. Sjekk om det står feilmelding og forklaring på kva du lyt gjere annleis bak nokon av utfyllingsfelta. 

    Dersom du allereie skulle vere registrert med di e-postadresse kjem det opp melding om dette. Trykk då på teksten "Gløymt passord" og fyll inn e-postadressa di for å få tilsendt passordet. Hugs at du må nytte same e-postadresse som du registrerte då du oppretta brukar hjå bokdykk.

  •  Kvifor får eg ikkje logge inn på mi side?   
    For å kunne logge inn, må du ha registrert brukarnamn og passord hjå bokdyk. Fyrste gong klikkar du på "Registrer meg som ny kunde" som du finn på innloggingssida "Mi side". Meir informasjon om korleis du registrerar deg som kunde finn du under "Kundehjelp" >> "Mi side".

    Har du problem med å logge inn etter at du har registrert deg som kunde, må du sjekke at passordet du har skrive er rett. Hugsar du ikkje att passordet ditt, trykk på teksten "Gløymt passord" og fyll inn e-postadressa di for å få tilsendt passordet på e-post. Hugs at du må nytte same e-postadresse som du registrerte då du oppretta brukar hjå bokdykk. Dersom ingenting av dette fungerar kontakt oss på post@bokdykk.no og oppgje den registrerte e-postadressa di, slik at vi kan undersøke nærare.

 

 

Min brukarkonto 

  • Korleis kan eg endre mine registrerte data?
    Dine personlege data som er lagra i din brukarkonto kan enkelt endrast ved at du loggar inn på "Mi side" og vidare til "Endre profil". Fyll inn endringane i felta og lagre ved å trykkje på "Fullfør". Les meir om din brukarkonto under "Kundehjelp" >> "Mi side". 

  • Kva gjer eg om eg har gløymt passordet mitt?
    Går du på innloggingssida kan du trykkje på "Gløymt passord" for å få tilsendt passordet ditt på e-post. Hugs at du må nytte e-postadressa som du har registrert hjå bokdykk.

  • Korleis kan eg avslutte min brukarkonto?
    Ønskjer du å avslutte din konto hjå bokdykk sender du e-post til post@bokdykk.no
 
 

Finne fram og forstå på bokdykk.no  

  • Korleis finn eg fram til boka eg ønskjer?
    Gjer eit søk på tittel, forfattar eller ISBN-nummer i søkjeverktøyet som du finn øvst på bokdykk.no. Du kan også gå i bokutval-menyen(denne finn du til venstre under bokdykk-logoen) for å søkje etter bøker i ein bestemd kategori. Kvar kategori har sin underkategori slik at du enklare kan finne bøker innanfor akkurat ditt interesseområde. For ein grundigare gjennomgang kan du lese meir under "Kundehjelp" >> "Slik handlar du". 

  • Kvifor finn eg ikkje boka eg vil ha? 
    Dersom du ikkje finn den boka du søkjer kan dette bety at boka er gått ut av produksjon. Boka vil då ikkje vere tilgjengeleg på bokdykk sine sider. Send oss ein e-post dersom du ønskjer at vi skal sjekke om boka vert tilgjengeleg på eit seinare tidspunkt. 
    Dersom du finn boka, men den står oppført med status "Midlertidig utseld", kan du bestille denne og få den levert så snart den er kome på lager att. Vi har dessverre ikkje alltid informasjon om dato i slike tilfeller, men du vil få ein e-post i det ordren er sendt frå bokdykk. 

  • Kva er ISBN? 
    ISBN ( International Standard Book Number) er eit nummersystem for identifisering av bøker og liknande publikasjonar. Du kan søkje direkte på ISBN-nummer ved hjelp av søkefunksjonen på bokdykk.

  • Kva er innbinding? 
    Innbinding fortel korleis boka er utført, kva format og kva permomslag. Ein tittel kan vere tilgjengeleg i fleire utgåver. Hjå bokdykk er dei vanlegaste innbindingstypar som følgjer: 
    Innbunde: Normalt hard perm og sydd binding. Mjukare perm kan førekome. 
    Hefta: Mjuk perm, vanlegvis limt binding.
    Pocket: Mjuk perm, mindre format, tynnare papir og limt binding. 

  • Kva tyder "Skriv om boka"?
    På bokdykk kan du leggje til bokomtale og anbefale bøker du har lese. Det set både vi i bokdykkredaksjonen og andre som vurderer å kjøpe boka stor pris på. For å leggje til ein omtale må du fyrst finne fram den aktuelle boka. På bokpresentasjonssida finn du lenkja ”Skriv om boka” under biletet av bokomslaget. Du må vere innlogga for å få tilgong til skjemaet der du skriv om boka. Fyll inn tittel på innlegget ditt, og dernest omtalen din. Det er også flott om du rangerar boka med stjerner. Signer gjerne med namnet ditt eller eit kallenamn dersom du ønskjer å vere anonym.

    Før innlegget ditt vert publisert vert det lese og godkjent av bokdykkredaksjonen. Ved avslørande og/eller upassande tekstar vil vi kutte heile eller delar av bokomtalen din. Ver difor påpasseleg med språkbruk, unngå krenkande og vulgært språk. Pass også på å ikkje avsløre for mykje av innhaldet i boka, ingen er tent med å øydelegge leseopplevinga for andre. 

    I det du trykkjer ”send”-knappen i skjemaet vert omtalen registrert hjå bokdykk. Det kan gå nokre dagar før teksten kjem på trykk. Dessverre får du ikkje redigere, tilføye eller fjerne omtalen din i ettertid, så hugs å få med alt før du sender teksten inn. Skulle du angre på noko i bokomtalen lyt du ta kontakt med oss i bokdykk på e-post

  • Kva er "Tips ein ven"?
    Tips ein ven er ein funksjon som let deg sende e-post til ein du kjenner for å tipse om ei bok på bokdykk. På kvar bokpresentasjonsside kan du trykkje på ”Tips ein ven”, så dukkar det opp eit skjema som let deg fylle inn mottakar, avsendar og kommentar. Ved å trykkje på send vert det sendt ein e-post med lenkje til boka du tipsar om og med kommentaren din. Du kan sende tipset til fleire, legg då inn komma mellom kvar e-postadresse i mottakarfeltet. 

  • Kva er "Legg i hugseliste"?
    Hugselista er ein funksjon der du kan lagre bøker som du ikkje vil kjøpe akkurat no, men som du vil hugse eller kike nærare på seinare. For å kunne leggje til bøker i hugselista lyt du vere innlogga på bokdykk. På kvar bokpresentasjon finn du lenkja ”Legg i hugseliste”. Du kan leggje så mange bøker som du ønskjer i hugselista di, og du kan ta vekk bøker frå hugselista di seinare. Oversikt over innhaldet i hugselista finn du på ”Mi side” >> ”Mi hugseliste”. 

  • Kva er nyheitsbrev?
    Som kunde hjå bokdykk kan du få nyheitsbrev tilsendt di e-postadresse. Bokdykk sender ut informasjon om nye bøker, boktips frå forfattarar, bibliotek og fleire, gode boktilbod, arrangement og anna som rører seg i bokbransjen til dei som ønskjer. Som mottakar av nyheitsbrevet deltek du også automatisk i konkurransen om å vinne Vekas bok. Les meir om dette her: Vinn vekas bok

    I det du registrerar deg som kunde hjå bokdykk, får du høve til å melde deg som mottakar av nyheitsbrev frå bokdykk. Å vere mottakar av nyheitsbrev frå Bokdykk er heilt utan forpliktingar, og du kan når du måtte ønskje melde deg av ved å følgje instruksjonane som er gjeve i lenkje nedst i nyheitsbreva. 

    Dersom du ikkje kryssa av for at du ønskte å vere mottakar av nyheitsbrev då du registrerte deg som kunde hjå bokdykk, kan du når som helst melde deg på ved å gå på ”Mi side” >> ”Endre profil”. Du kan også melde deg direkte på nyheitsbrev utan å ha oppretta kundeprofil. Denne påmeldinga finn du her: Meld deg på nyheitsbrev frå bokdykk.


    Bestilling og levering

    • Kor lang tid tek leveringa?
      Forventa leveringstid vert opplyst om når du går til kassa og skal gjennomfører ordren. Vanleg leveringstid i Noreg er frå 2-6 dagar. Bøker frå små leverandørar vil ofte ha lenger leveringstid. Varer som skal sendast til utlandet vil få lenger leveringstid. 

      Avhengig av tyngda på bokpakken du har bestilt, sender bokdykk bøker enten som A-post eller som servicepakke. A-post vert levert rett i postkassa di, men er pakken for stor får du hentelapp dagen etter og beskjed om å hente pakken på ditt næraste postkontor. 

      Dersom du har bestilt fleire bøker der ei eller fleire av bøkene ikkje kan sendast direkte, og det forårsakar lang leveringstid, kan ordren verte delt slik at du får bøkene i fleire pakkar. Bokdykk dekkjer ekstra fraktkostnad ved delleveransar, slik at du berre betalar frakt for den fyrste sendinga. 

      Bokdykk kan ikkje garantere at bøkene vert levert innan førespegla leveringstid fordi uføresette hendingar kan oppstå. Forseinkingar kan førekome i tilfeller der for eksempel forlaga ikkje har boka klar, dersom boka er utseld, eller om posten har stor pågang som ved høgtider og feriar. Dette er tilhøve som er utanfor bokdykk sin kontroll. 

    • Korleis veit eg kortid ordren eg har lagt inn vert handsama?
      På ”Mi side” får du opp ordrestatusar som fortel om handsaming av ordren din. Følgjer du med her får du ein peikepinn på kor langt ordren din er kome og kortid bøkene vert sendt frå lager.

    • Sender de til utlandet? 
      Bokdykk sender også bøker til utlandet. Ver oppmerksam på fraktkostnad for sendingar til utlandet. Sendingar innanfor Norden kostar kr. 150,- i frakt. I resten av verda er fraktkostnaden på kr. 250,-. 

    • Kva er fraktkostnad på sendingar frå bokdykk?
      Bokdykk tek fast pris på kr. 39,- for frakt i Noreg uavhengig av kor mange bøker du kjøper. Bøkene vert sendt enten som A-post eller som servicepakke. Dersom du har bestilt fleire bøker der ei eller fleire av bøkene ikkje kan sendast direkte, kan ordren verte delt slik at du får bøkene i fleire pakkar. Bokdykk dekkjer ekstra fraktkostnad ved delleveransar slik at du berre betalar frakt for den fyrste sendinga. 

    • Korleis veit eg om bestillinga gjekk gjennom? 
      Når du har fullført eit kjøp hjå bokdykk får du ei ordrestadfesting på e-post. Dersom du ikkje har fått denne, kan du logge inn på ”Mi side” og sjå på ”Mine ordrar”, her skal bestillingshistorikken med alle kjøpa dine ligge. Dersom du finn bestillinga di her, er alt i ordren. Finn du ikkje att bestillinga, må du foreta kjøpet på ny. For å vere sikker på at du gjer alt rett, kan du lese detaljert skildring om korleis du går fram for å handle hjå bokdykk under ”Kundehjelp”>>”Slik handlar du”.

    • Kan eg endre bestillinga eg har lagt inn? 
      Dersom du har føretatt ein ordre og du i etterkant må endre denne, ber vi om at du så snart som råd tar kontakt med oss på e-post. 

      Gjeld endringa byte av leveringsadresse er det ekstra viktig at vi får melding med det same, slik at vi rekk å endre adresse før pakken vert sendt. Er bøkene allereie sendt ut, lyt du sjølv stå for retur av bøkene og dekke returkostnad. Les meir om returnering i våre avtalevilkår.  

      Gjeld endringa å tilføye fleire bøker for å få dei sendt i same pakke, er dette berre mogleg dersom du legg inn ein ny ordre same dag som du foretok fyrste bestillinga og sender ein e-post til post@bokdykk.no med ordrenummera og dine ønskjer. Vi vil då prøve å ordne med samla sending, men kan dessverre ikkje garantere at det let seg gjere sidan bøkene vert sendt frå ein tredjepart og vi ikkje har full oversikt over kor langt i leveringsprosessen fyrste ordre er komen.  

      Gjeld endringa ei annullering av heile eller delar av bestillinga, må du kontakte oss på post@bokdykk.no for å avbestille. Oppgje då ordrenr. eller kva bok du ønskjer å avbestille. Er pakken eller den boka det gjeld allereie sendt ut, lyt du sjølv stå for retur og dekke returkostnad. I samsvar med angrefristlova gjeld full returrett i 14 dagar frå tidspunktet du mottok vara. Les meir om returnering i våre avtalevilkår.  

    • Kvar er leveransen min vorten av? 
      Dersom du synes det har gått lang tid utan at du har fått bokpakken, anbefalar vi at du sjekkar status på ordren din på ”Mi side” >> ”Mine ordrar”. Her kan du sjå om bøkene er sendt frå lager. Dersom det har gått meir enn 12 dagar og ordren framleis ikkje er sendt, er grunnen truleg at boka er utseld og venta på lager igjen. Dette skal du i så tilfelle ha fått informasjon om på e-postadressa du har registrert hjå bokdykk. Er status at boka er sendt frå oss og du likevel ikkje har mottatt bokpakken innan nokre dagar, ber vi om at du tek kontakt på post@bokdykk.no slik at vi kan undersøke nærare. 

    • Eg angrar på bestillinga, korleis kan eg avbestille ein bokpakke?
      Ved avbestilling, reklamasjon og bruk av angrerett les meir under ”Kundehjelp”>>”Avtalevilkår”. 

    • Eg har angra på bestillinga, korleis kan eg returnere bøker? 
      Det er høve til å returnere varer innen 14 dager frå du mottok pakken, jamfør Lov om Angrerett. Angrerettskjema ligg i sendinga saman med bøkene. Varer som skal sendast i retur til Bokdykk skal vere ubrukte og i originalemballasje, og kunde må betale returporto. Du finn nærare informasjon og framgangsmåten for retur av bøker under ”Kundehjelp” >> ”Avtalevilkår”. 

    • Kva gjer eg om eg har fått feil bok? 
      Ta kontakt snarast på post@bokdykk.no så ser vi til at du får rett bok så snart som råd er. I tillegg sender vi returpakkelapp slik at du kan sende tilbake den feilsende boka utan kostnad. Er du fakturert feil i forhold til kva produkt du bestilte då du la inn ordre, krediterar vi summen du har til gode, eventuelt etterfakturerar restsum. Hugs å opplyse om kontonr. dersom du skal ha tilbakebetalt. 

    • Koleis registrerar eg at faktura- og leveringsadresse ikkje er lik? 
      Adressa som du registrerte då du oppretta brukarkonto hjå bokdykk vert automatisk lagt til som faktura- og leveringsadresse. Men ved kvart kjøp vil du få høve til å endre leveringadresse i andre steg i handlekorga. Dersom du ønskjer å gjere varig faktura- og eller adresseendring, kan du gå på ”Mi side” >> ”Endre profil”. Fyll inn eller tilføy adresseinformasjonen avhengig av om fakturaadr. er lik leveringadresse, og lagre ved å trykkje knappen ”Fullfør”. 

      Betaling

      • Kva betalingsløysing kan eg velje hjå bokdykk?
        Hjå bokdykk kan du betale med VISA eller Mastercard, eller du kan få tilsendt faktura saman med boksendinga. Bestiller du frå utlandet lyt du førehandsbetale med kort. 

      • Er det trygt å betale med kort hjå bokdykk?
        Du kan alltid føle deg trygg når du handlar på bokdykk.no. Ved kortbetaling samarbeidar vi med Payex som har levert sikre betalingsløysingar i 35 år og som er blant dei leiande i Norden innan betalingstenester på nett. Alle transaksjonar går gjennom standard for sikker validering med 3D-Secure, gjennom Verified by Visa og MasterCard Secure Code. 

      • Må eg betale porto fleire gongar når bøkene ikkje vert sendt samla? 
        Nei, dersom du har lagt inn ein ordre med fleire bøker, men bøkene vert sendt til ulik tid betalar du berre frakt på fyrste sendinga, så dekkjer bokdykk resten. 


      Om bokdykk

      • Har bokdykk ein butikk utanom nettsidene?
        Nei. Bokdykk er ein rein nettbokhandel og har difor ingen butikklokale. 

      • Kvifor sel de berre bøker over internett? 
        Bokdykk baserar seg kun på sal over internett fordi vi meiner dette fungerar supert for sal av bøker! Vi håpar at fleire og fleire oppdagar kor smidig og praktisk nettbokhandelen vår er. Ikkje berre kan det vere tidsparande å kjøpe bøker via vår nettbutikk – du kan leite fram dei bøkene du vil i ro og mak rett frå sofakroken i heimen din. Vår bokhandel er dessutan open 24 timar i døgnet, noko som betyr at du kan handle favorittboka akkurat når det måtte passe deg. 

        Ved å vere på nett har vi også ein kjempefordel ved uavgrensa plass til eit hav av bøker! Vårt mål er å kunne tilby alt som er registrert og utgjeve på norsk så sant bøkene er registrert i Den norske Bokbasen. 

        Trenden talar dessutan for seg sjølv, i Noreg er vi som internettforbrukarar aktive på netthandel. I følgje DIBS Payment Services som i august 2008 publiserte resultatet av ei analyse av nordmenn sin internettbruk, kjem det fram at nordmenn i gjennomsnitt handla for 5.745 kroner på internetthandel det siste halve året. Og truleg aukar dette skal vi tru forbrukarane sine eigne prognosar. Heile 46% av dei spurde forventar å handle endå meir det komande året. Dette skulle etter alt å døme tyde at netthandel er sikkert, effektivt og stadig meir populært.

      • Kva er det som er så spesielt med bokdykk? 
        Sjølv om bokdykk er ein fullassortert nettbokhandel ønskjer vi òg å fokusere på å få fram bøker og forfattarar som kanskje er ukjende for mange, men som vi i aller høgste grad meiner forten merksemd, omtale og ein stor lesarskare. I denne gruppa er det for eksempel mange forfattarar som skriv på nynorsk, og ut frå erfaring veit vi at det kan vere vanskeleg å finne fram til nynorske utgivingar. Vi vil gjere vårt beste for at nynorsk litteratur også skal få sin velfortente plass i våre bokhyller. 

        Med vekt på mangfald, lokale og regionale utgjevingar, vil vi i tillegg presentere utvalde forfattarar, tipse og fortelje om arrangement, bokslepp og anna som rører seg i bokbransjen. Både vi, forfattarar og bibliotek vil tipse om bøker vi meiner er god lesing for å hjelpe deg med utveljing av neste bok. Slik håpar vi at vi skil oss frå dei andre bokhandlarane; bokdykk skal vere kulturbokhandelen på nett. 

        Kvifor ikkje tipse ein ven om bokdykk? 


      • Eg finn ikkje svar på mine spørsmål
        Dersom du ikkje har funne svar på det du lurer på her på våre kundehjelp-sider, kan du sende oss ein e-post med ditt spørsmål til post@bokdykk.no.
        Vi ønskjer at våre besøkande skal føle seg velkomne og trives på bokdykk, så gi oss gjerne tilbakemelding på kva vi kan verte betre på, kva du saknar eller anna. Dersom du synes vi gjer ein god jobb og du set pris på oss, gi oss gjerne eit vink om det også!
 
Skriv ut

Kontakt oss                    Om Bokdykk                    Lenkjer                    Personvern